Jon Brunborg 75 År en bauta i Gol IL sin historie!

Postet av Gol IL den 24. Apr 2014



Eit liv med idrett

Idretten har gitt han utruleg mykje. Men han har også gitt idretten meir enn dei fleste. Jon Brunborg, «Gol idrettslag personleg», fyller 75 år.
Eg har intervjua han i «Golingen», som me starta opp saman i 1975, både då han fylte 50 og då han runda 60. Det får greie seg, meiner han, det får vere måte på fokusering!
Men det har hendt mangt sidan 1998, då han fylte 60. Han har vorte utnemnd til æresmedlem i idrettslaget, han har fått Gol kommunes kulturpris og han har fått Frivilligprisen av Gol helselag. Alt saman vel fortent. Så du slepp nok ikkje unna, Jon, «Golingen» kjem på kaffibesøk!

Betydd alt
Jon var den fyrste fast tilsette og lønna daglege leiaren i Gol idrettslag, til han avrunda yrkeskarrieren i 2001. Før den tid hadde han i nærare 50 år, etter at han og familien kom til Gol frå Voss i 1952, lagt ned ein enorm frivillig innsats for idretten. Som aktiv i fotball, dommar, administrator, dugnadsarbeidar m.m. Han var også leiar i Valdres og Hallingdal Fotballkrets i ein periode på slutten av 1960-talet.
-Kva har idretten betydd for deg?
-Den har betydd alt, vil eg seie. Det har vore mi store interesse heile livet. Å organisere har kanskje vore min styrke. Kunstgrasbanen og seinare klubbhuset vart begge bygde med ein enorm dugnadsinnsats. Det er kanskje av dei beste minna eg sit att med.
Knock out på is og snø
Som aktiv var det fotball som var hans idrett. Med spinkle mein, men med hovud på rette plassen og finslepen teknikk.
-Har du vore innom andre greiner?
-Å ja da. Eg gjekk mykje på skøyter og hugsar eg var med i KM på Nesbyen. Seinare fekk eg nok då eg tapte med nesten ein runde for Finn Hodt på 1500 meter! Og same med ski. Der gjekk eg langrenn på Geilo ein gong, og hugsar Ingrid Wigernæs slo meg så j... at eg skjønte det ikkje var nokon framtid der heller, ler han.
Men både Finn Hodt og Ingrid Wigernæs var jo både nasjonale og delvis internasjonale namn, så kanskje slutninga var for rask?

Ord som varmar
I seinare år er det mange som takkar Jon for at han for fem-seks år sidan sette i gang med Seniortrimmen. Den har vorte umåteleg populær. I dag er det med så mange som 60-70, fordelt på to parti. To gonger i veka møtest dei på klubbhuset. Der er det fyrst ut å gå ein times tid, før dei har ei økt med styrketrening. Og avsluttar med kaffikos. Den sosiale biten er ikkje den minst viktige.
-For ei stund sidan var det ei som kom til meg og sa at «du har faktisk redda livet mitt med dette!» Det er ord som går til hjarta, og som gjer det vel verd å halde på, slår han fast.
Og halde på har han tenkt å gjere. 75 er ingen alder, sjølv om gamle fotballskadar er merkbare både her og der.
Takk for kaffien, Jon, og takk for praten. Eg kjem att når du fyller 100!
Kjell Slåtten

Eventuell bildetekst:
Sportsidiot: I godstolen, klar for helgas sport på TV. - Eg er sportsidiot, vedgår Jon.


Last ned som tekstfil: Eit liv med idrett J.B..docx

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.